Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > Automasjon - ei fagutdanning med mange moglegheiter

Automasjon - ei fagutdanning med mange moglegheiter

Eit inspirerande besøk på VG3 Automasjon har gjort oss nyskjerrige på kva denne fagretniga kan opne framtida for

 

Kjekke elevar ved VG3 Automasjon. Måling og prøving er viktig når automatiserte anlegg vert sett i drift.

Vi tok oss ein tur på B-bygget på besøk til VG3 Automasjon og fekk eit innblikk i skulekvardagen deira.

  • For å kunne gå automasjon, må du starte med VG1 Elektrofag
  • Du kan gå vidare på VG2 Automatisering
  • Du kan bygge på med VG3 Automatiaseringsfaget
  • Vel du det siste alternativet får du ei kortare opplæringstid i bedrift
  • Vel du å avslutte ved VG2, kan du også gå ut som lærling, men då med ordinær opplæringstid

Du har fleire alternativ i opplæringa etter endt skulegang, ei av dei er fjernstyrte undervassoperasjonar. Du har tavlemontørfaget, viklerfaget og automatiseringsfaget. Dette kan også vere ein flott inngangsbillett til ingeniørstudier.

Ved å velje automasjon får du ein utfordrande og spanande skulekvardag, og får yrkestittelen automatikar ved endt utdanning.

  • Ein automatikar monterar og vedlikeheld automatiske system, til dømes automatiske prosessar ved riggar i Nordsjøen.
  • Det er ei utdanning som skal fremje eleven si sjølvstende, samarbeid- og kommunikasjonsevne.
  • Felles programfag for automatisering skal medverke til funksjonalitet, sikkerhet og god produktkvalitet for landbasert industri, sjøfart og olje- og gassproduksjon offshore.
  • Faget skal bidra til høg effektivitet, omstillingsevne og nyskaping ved bruk av automatiserte produksjonsmetodar, og er ein spanande og inspirasjonsrik yrkesveg for den som vil ha ein variert arbeidskvardag med nye utfordringar kvar dag. Du kan lese meir om automatiseringsfaget på utdanning.no.
Automasjon er spanande, synest eleven.

Automasjon er spanande, synest eleven.

Elev studerer reguleringsventil.

Elev studerer reguleringsventil.

Feilsøking er ein del av kvardagen.

Feilsøking er ein del av kvardagen.

Eleven i gang med koplingsarbeidet på den nye øvinga han starta på nyleg.

Eleven i gang med koplingsarbeidet på den nye øvinga han starta på nyleg.

Eleven syner fram fagmessig utført arbeid.

Eleven syner fram fagmessig utført arbeid.

 Bileta er publisert i samtykke med elevar og faglærar.