Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Nyheiter > 40 elevar har vore på utplassering i Spania

Kontaktpersonar

Atle Svellingen
Adjunkt m/tilleggsut
71 28 24 65 / Mob. 916 15 867
Send e-post

40 elevar har vore på utplassering i Spania

Vi får støtte til å drive med dette viktige arbeidet gjennom SiU (Senter for internasjonalisering i utdanninga) og EU-organisasjonen Erasmus+.  

I år reiste 40 elevar og 10 følgjepersonar til Alicante i Spania. Målet med reisa var utplassering i bedrifter på den spanske solkysten.

Ørsta vidaregåande skule har etterkvart fått lang erfaring med internasjonalisering.

Det var ein gjeng med spente og forventningsfulle elevar og lærarar som møtte opp utanfor Ørsta vidaregåande skule laurdag 14. april. Vi sette oss på bussen som skulle frakte oss til Vigra, og så kunne eventyret byrje! Vi landa i Alicante og så gjekk turen vidare til dei to lokasjonane; Quesada og Alfaz del Pi.

Her nede har vi hatt fine og hektiske dagar, og jobb var sjølvsagt førsteprioritet.

Elevane var utplasserte i tre veker i ulike bedrifter:

  • Solgården
  • Betanien
  • Reuma Sol
  • Little People Kindergarden
  • Costa Blanca Barnehage
  • Den norske skolen i Rojales
  • Abiente Floral
  • Den Skandinaviske Smide
  • Autos Escandinavia
  • Salasar
  • Casa Verde
  • Byggfirmaet Anders Y Helge

Etter arbeidstid tok vi oss tid til å utforske nærområdet. Kveldsturane gjekk til mange vakre og fascinerande stadar som den kvitmåla gamlebyen i nabobyen Altea, til den fargerike fiskarlandsbyen Villajoyosa og til den tredje største turistattraksjonen i Spania; den vakre byen Guadalest. Under turen til det vakre området Fonts del l`Algar, kunne vi kjøle oss ned i fjellvatn. Elles fekk vi tid til bowling, køyre gocart, besøke dyrehage og gatemarked.Vi kosa oss saman med felles måltid, og feira ikkje mindre enn tre bursdagar i løpet av utplasseringstida i Spania.

 

Internasjonaliseringsprosjektet har igjen gitt gode erfaringar. Vekene i Spania gav elevane spanande og lærerike dagar der dei har fått kjenne på å vere vekke frå den kjende kvardagen, fått prøve korleis det er å vere i arbeid og vidare korleis arbeidslivet er i eit anna land enn Norge. Og dei har fått kjenne på korleis det er å vere ein kulturell og språkleg minoritet.

Nye vennskapsband har vorte knytta, både til medelevar og med kollegaene der dei har vore i arbeidspraksis. Ein elev uttalte at: «Dette har vore dei tre beste vekene i livet mitt!»

Elevane har blogga om opphaldet. Les meir om arbeidet som elevane har vore med på i Spania:

HSASPANIA2018

BETANIEN2018

Blomsterjentene2018

benedikteogvildeispania

LITTLE PEOPLE 2018

BYGGKARANE

solgarden2018

internasjonalisering2ara

Casa Verde

Nokre av elevane har også laga instagramprofilar: 

2buaispania
2hsa.spania
2byab_spania
casaverde2000​​