Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Bygg

Byggteknikk har i fire år hatt praksis i ei bedrift i Spania. Firmaet elevane har praksis i heiter Helge y Anders Construcciones S.L, og ligg i Alfaz del Pi på Costa Blanca kysten.

     

Byggjeverksemda er norskeigd, men spanskregistrert, og har drive byggjeverksemd sidan 1989 på Costa Blanca. Dei har ein administrasjon på fem personar, og tjue handverkarar. Firmaet har eit internasjonalt miljø med hovudvekt av spanske handverkarar. Det er tilsett både murarar og tømrarar. Verksemda har hatt, og har mange oppdrag av ulik karakter. Her kan nemnast:

Sjukeheim, servicebustader, kyrkjesenter, bustadblokk, einebustader, osv. Dei har i fleire år hatt elevar frå andre norske skular i praksis, med god erfaring.