Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Framsida > Skulestart 2020

Skulestart 2020

Her finn du nyttig informasjon vedrørande inntak og skulestart 2020/2021.

Velkomen som elev ved Ørsta vidaregåande skule

Det er ei stor glede å få ynskje deg velkomen til eit nytt skuleår og til vidaregåande opplæring ved Ørsta vidaregåande skule. Vi vil legge til rette for at du skal få eit godt skuleår med fokus på likeverd, omsorg og respekt for medelevar og tilsette.

Oppmøte:

Skuleåret startar måndag 17. august 2020

Vi kjem attende med informasjon om kvar og når de skal møte når vi veit meir om tal på personar vi kan samle samstundes ut frå FHI og Udir sine anbefalingar.

Viktige datoar for inntak til vidaregåande opplæring i 2020

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
 1. juli

 Frist for:

  • ettersending av vitnemål
  • legge inn Førehandssvar på vigo.no
  • legge inn NYTT mobilnummer på vigo.no
ca. 3. juli Svar på 1. gongs inntak
10. juli Svarfrist 1. gongs inntak
31. juli Svar på 2. gongs inntak
3. august Svarfrist, 2. gongs inntak
17. august Skulestart
1. november Formidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta

Ofte stilte spørsmål om inntak, finn du på fylket sine sider. 

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan skulen ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg1

  • Fredag 3. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass.
  • Måndag 6. juli vert det sendt ut SMS frå skolestart.mrfylke.no der dei ber søkjarane som har takka ja til skuleplass om å svare på fagval og PC-ordninga. NB! Søkjaren må ha takka ja til skuleplass for å kunne fylje ut skjema på skolestart.mrfylke.no
  • Frist for å velje PC-ordning er 1. september.

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg2 og Vg3

  • Fredag 5. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass.

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke herDet er viktig at du tek godt vare på kortet då kortet skal nyttast alle åra du går på vidaregåande. 

Lånekassen

Vi oppmodar alle om å søkje stipend, då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend. Det vil bli fakturert for individuelt utstyr i september frå skulen.