Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Framsida > Skulestart 2019

Skulestart 2019

Her finn du nyttig informasjon vedrørande inntak og skulestart 2019/2020.

Velkomen som elev ved Ørsta vidaregåande skule

Det er ei stor glede å få ynskje deg velkomen til eit nytt skuleår og til vidaregåande opplæring ved Ørsta vidaregåande skule. Vi vil legge til rette for at du skal få eit godt skuleår med fokus på likeverd, omsorg og respekt for medelevar og tilsette.

Oppmøte:

Skuleåret startar måndag 19. august 2019 kl 09:00. Oppmøte i Ørstahallen. 

Du som elev vil få utdelt ei elevhandbok 

Elevhandboka inneheld viktig informasjon som du og foreldra dine må lese. Der finn du bl.a. skulen sitt ordensreglement, kriterium for vurdering og praktiske opplysningar. Elevhandboka og læremiddel- og utstyrsliste finn du på skulen si heimeside.

Alle elevar skal fylle ut eit registreringskjema (dette skjemaet opnar for registrering måndag, 20.08.2019)

Du finn også velkomstbrevet som er sendt ut i posten til elevane ut på høgre side som eiget dokument. Her er kart til til kvar ein skal møte opp og oversikt over timeplanen.

Viktige datoar for inntak til vidaregåande opplæring i 2019

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
 1. juli

 Frist for:

  • ettersending av vitnemål
  • legge inn Førehandssvar på vigo.no
  • legge inn NYTT mobilnummer på vigo.no
ca. 5. juli Svar på 1. gongs inntak
12. juli Svarfrist 1. gongs inntak
ca 2. august Svar på 2. gongs inntak
5. august Svarfrist, 2. gongs inntak
19. august Skulestart
1. november Formidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta

Ofte stilte spørsmål om inntak, finn du på fylket sine sider. 

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan skulen ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg1

  • Fredag 5. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass.
  • Måndag 8. juli vert det sendt ut SMS frå skolestart.mrfylke.no der dei ber søkjarane som har takka ja til skuleplass om å svare på fagval og PC-ordninga. NB! Søkjaren må ha takka ja til skuleplass for å kunne fylle ut skjema på skolestart.mrfylke.no
  • Frist for å velje PC-ordning (PC eller stipend) er 1. september.
  • Alle som startar på VG1 må fylle ut skjemaet "elevregistreringsskjema".

Kva skjer når du vert teken inn som elev på Vg2 og Vg3

  • Fredag 5. juli vert det sendt ut SMS frå inntakskontoret der dei ber søkjarane svare på tilbod om skuleplass.
  • Alle som går VG2 og VG3 må fylle ut skjemaet "elevregistreringsskjema". Det er viktig at de gjer dette kvart år, viss der er endringar, slik at vi har oppdaterte opplysingar om deg.

PC-ordninga

Du har fått ein sms med lenke til val mellom bestilling av pc/pc stipend. Viss du ikkje har svart på denne, går du inn på mrfylke.no, PC-ordning. Dersom du har valt å kjøpe bærbar PC sjølv, må denne vere klar til skulestart.

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke herDet er viktig at du tek godt vare på kortet då kortet skal nyttast alle åra du går på vidaregåande. 

Lånekassen

Vi oppmodar alle om å søkje stipend, då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend. Det vil bli fakturert for individuelt utstyr i september frå skulen.

Dokument

Velkomstbrev 2019
PDF-dokument - 441,95 kB