Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Framsida > Skulestart 2018

Skulestart 2018

Her finn du nyttig informasjon vedrørande inntak og skulestart.

Er du ny elev ved skulen så bør du lese informasjonen under grundig. Det er verdt å merke seg at skulen ikkje lenger har ansvaret for skuleskyss. Om du treng skuleskyss så kan du lese meir om det lenger nede på sida. Alle elevar skal fylle ut eit registreringskjema (dette skjemaet opnar for registrering måndag, 20.08.2018)

Viktige datoar for inntak til vidaregåande opplæring i 2018

Vi tek atterhald om at datoane kan bli endra.

Dato Frist
 1. juli

 Frist for:

  • ettersending av vitnemål
  • legge inn Førehandssvar på vigo.no
  • legge inn NYTT mobilnummer på vigo.no
ca. 6. juli Svar på 1. gongs inntak
13. juli Svarfrist 1. gongs inntak
ca 3. august Svar på 2. gongs inntak
6. august Svarfrist, 2. gongs inntak
20. august Skulestart
1. november Formidlinga til læreplass for lærekandidatar og læreplass for lærlingar er avslutta

Ofte stilte spørsmål om inntak, finn du på fylket sine sider. 

Fram til skulestart er det inntakskontoret på fylket som tek inn elevar. Etter at skulen har starta kan skulen ta inn elevar frå ventelistene. Vi fylgjer listene og tek kontakt etter den rangeringa som står der. Vi har IKKJE høve til å gjere unntak frå rangeringa.

Dette gjer du etter du har fått inntak på skulen

  • Etter inntaket vil det automatisk verte sendt ut ein sms til alle som er tilbodne skuleplass. Der får du beskjed om å logge deg inn på skolestart.mrfylke.no så snart du har takka ja til tilboden plass. Dersom du loggar deg inn før du har takka ja, vil all informasjon vise, men du får ikkje tilgang til bestillingsskjemaet. Dette vert først tilgjengeleg når du har takka ja til skuleplassen.
  • På skolestart.mrfylke.no vert du beden om å opprette ein brukar ved å taste inn fødselsnummer og engangspassord mottatt på SMS og e-post. Du vert deretter beden om å oppgi passord. Du kan når som helst før svarfristen endre dine opplysingar.

På skolestart.mrfylke.no er det ein del informasjon du må legge inn som vi treng mellom anna for å legge deg i dei rette klassene/gruppene. Vi må ha kontaktinformasjon til føresette og om du skal ha elev-PC eller PC-stipend. Frist for val av elev-PC/PC-stipend er 1. september. Den andre informasjonen MÅ vi ha innan 29. juli.

PC-ordninga

Meir informasjon om PC-ordninga finn de her

Skuleskyss

Om du treng skuleskyss så søkjer du om det på skoleskyss.mrfylke.no. Meir informasjon om skuleskyss finn de ved å klikke her.

Lånekassa

Vi oppmodar alle om å søkje stipend då utstyrsstipend vert gitt til alle. Sjå her for korleis du går fram for å søkje stipend.

Første skuledag er måndag 20. august 2018.

Det er frammøte for VG1-elevar ved Kulturhuset i Ørsta klokka 09.00.

Det er frammøte for VG2 og VG3-elevar ved Kulturhuset i Ørsta klokka 10.00.