Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Elevteneste > Tenester > Rådgjevingstenesta

Rådgjevingstenesta

Hovudoppgåvene i rådgjevingsarbeidet ved skulen er å informere og gi råd om utdanning- og yrkesval, og å hjelpe elevar med ulike faglege, sosiale og personlege utfordringar.

Bruk desse ressursane, viss du har spørsmål eller er usikker på ting, dei er her for å rettleie deg. 

Rådgjevaren samarbeider med interne og eksterne tenester og kan formidle kontakt der dette er ynskjeleg og nødvendig. Eit tverrfagleg samarbeid vil, ved behov, sikre deg god oppfølging i skulekvardagen. Vårt mål er å finne så gode løysingar som mogeleg for deg. Rådgjevaren har teieplikt, og du får ikkje fråvær når du hjå rådgjevaren.

Om du har behov for å snakke med ein rådgjevar kan du ta kontakt med Ann Turid Egset, Margun Vartdal Romestrand eller Anne-Mette Sætre. 

Rådgjevaren skal medverke til at den enkelte elev finn seg til rette i opplæringa, og hjelpe elevar med personlege, sosiale og emosjonelle vanskar som kan ha noko å seie for opplæringa og sosiale forhold på skulen. Rådgjevar har også eit ansvar for oppfølging av elevar som bur på hybel.

Kontaktpersonar

Ann Turid Egset
Rådgivar
71 28 24 31 / Mob. 909 92 356
Send e-post
Margun Vartdal Romestrand Margun Vartdal Romestrand
Rådgivar og faglærar
71 28 24 61 /
Mob. 476 54 012
Send e-post
Anne Mette Sætre
Lærer
71 28 24 66 /
Mob. 478 49 875
Send e-post
Sven Kenneth Nilsvik Sven Kenneth Nilsvik
Lærer
71 28 24 56
Send e-post
Beate Langeland Mork
Lærer
97 63 27 42 /
Mob. 976 32 742
Send e-post