Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reglar og eksamen

Reglar og eksamen

Alle elevar ved Ørsta vidaregåande skule har rett til eit godt fysisk og psykosoialt miljø, som er rusfritt, fritt for mobbing, vold og annan krenkjande åtferd og som legg til rette for ei positiv individuell utvikling. 

Det er lovfesta kva krav som blir stilt til elevane sitt skulemiljø gjennom opplæringslova, og det har blitt vedteke ein eigen handlingsplan mot mobbing, den finn du som dokument på menyen på høgre side. 

Ordensreglementet

Føremålet med ordensreglementet er å skape samarbeid, trivsel, respekt og medansvar for alle i skulesamfunnet og legge grunnlaget for vurdering i orden og åtferd. Reglementet gir reglar om elevens rettar og plikter, så langt dei ikkje er nedfelt i lov eller på annan måte. Reglementet inneheld reglar om orden og åtferd, reglar om kva slags tiltak som skal kunne brukast mot elevar som bryt reglementet, og reglar om framgongsmåten når slike saker skal behandlast. Alle har ansvar for å vise respekt og medansvar, og unngå eller hindre åtferd som har negativ verknad på miljøet. Ordensreglementet finn du her.

I menyen til høgre finn du snarvegar til reglar som gjeld både eksamen, fråvær og klage. 

Frå 1. august 2016 er det komne nye reglar for fråvær i vidaregåande skule. Reglane kan du lese meir om på Utdanningsdirektoratet  sine sider. 

Snarvegar

Dokument

Handlingsplan mot mobbing
PDF-dokument - 82,19 kB