Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ørsta vidaregåande skule > Elev/Føresette

Elev/Føresette

Velkomne til Ørsta vidaregåande skule

Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeidar skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 50 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.

Vi er ca. 300 elevar og eit 70-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, Design og handverk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknikk- og industriellproduksjon. Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Som elev ved Ørsta vidaregåande skule blir du sterkt delaktig i eit skulesamfunn med stor fagleg breidde og eit tett sosialt fellesskap. Eit skulesamfunn som er den viktigaste arbeidsstaden for deg som elev, der du er avgjerande for at det skal verte eit godt skule- og læringsmiljø. Det skjer gjennom aktivitet med medelevane og dei tilsette ved skulen.

Vår visjon, "Meistring gjennom aktivitet og utforsking", kan gi deg som elev ein solid læringsplattform der kunnskap og sosiale opplevingar står i fremste rekke og møter deg.

Skulen har mykje kompetanse i dyktige tilsette, engasjerte elevar og eit nettverk av lokalt næringsliv. Dette er avgjerande for å utvikle skulen i vår region. Saman skal vi derfor bygge vidare på tidlegare kunnskap og skape ein robust og berekraftig skule både for den enkelte eleven og for nærmiljøet.

 

Lukke til med skuleåret!

Roger A. Fylling
rektor